Pilegrimsøya

For få hundreår sidan var det dorske sundet ved den vesle øya Iona dåtidas M6, Storbritannias travlaste motorveg.

På 800-talet hadde vikingane lagt øya nesten aude, etter å ha slakta munkar og brent ned klosteret som var grunnlagt av heilage Columba. Men vikingane blei kristne og pilegrimane stadig fleire.

NATURLEG KRAFT. – Det er noko heilt spesielt ved Iona. Kvifor ville elles alle dei skotske kongane bli gravlagde her? Nokre av dei norske kongane også, sier David Kirkpatrick. Skipperen på Iolaire of Iona driv turistskyss til den ubebudde naboøya Staffa, kjend for lundefuglar og spektakulære grotter med sekskanta basalt-søyler.
– Eg ser byfolk komma hit, stressa og forknytte. Etter eit par dagar på Iona ser dei heilt forandra ut.
Kirkpatrick meiner øya har ei naturleg kraft og kallar ho «sentrum i universet» utan ironi i stemma. Han tar opp noko frå lomma, legg det i handa mi, lukkar ho hardt og seier:
– Kjenn på dette! Kva kjenner du?
Ingenting, men skipperen fortel at det er ein såkalla «iona stone», gjennomsiktig og mosegrønn marmor, som er glattslipt etter tjue år i lomma hans.
– Legenda seier at ein slik stein reddar deg frå forlis og drukning. Så langt har han redda meg.

DEPRESJONSTIDA. Far hans døydde i ei arbeidsulykke under gjenoppbyggjinga av klosteret på øya. Gjenreisinga var idéen til den velståande lorden og presten George MacLeod, som grunnla eit arbeids- og bønnefellesskap saman med prestestudentar og arbeidslause handverkarar frå Glasgow i dei harde 1930-åra . I dag er Iona-fellesskapet eit levande samfunn med hovudkvarter i Glasgow, medlemmar over heile verda, gjestehus på Iona og Mull, stab og 130 volontørar i året.
Skipper Kirkpatrick er ingen kyrkjemann, han tykkjer kyrkja er grei å ha for gravferder og bryllaup.
– Men Iona-fellesskapet er relevant, meiner han.
– Dei følgjer med, dei forandrar seg og dei er opne for alle.

INN TIL SENTRUM. Utanfor MacLeod-senteret, det nyaste gjestehuset ovanfor klosteret, vandrar eit tjuetals menneske i ein enkel labyrint av kritstreker, skjell og målte steinar. Dei seier ting som «eg har aldri vore så djupt inni meditasjonen» og «eit sterkt møte med Gud» etter runden.

– Det er ei reise inn til sentrum som forandrar deg. Du går langsamt og kan ikkje gå deg vill, seier omsorgsarbeidaren Sarah Dickinson. Ho kjem til senteret på Iona kvart år, her kan ho alltid «vera seg sjølv».
For henne er liturgien i tidebønnene og gudstenestene det aller beste ved opphaldet.
– Kvart einaste ord er som ein polert stein på stranda her.

RETTFERD. Presten og nestleiaren på senteret, Sharon Kyle, fortel at dei ønskjer at gudstenestene skal vera gjestfrie.
– Språket skal vera tilgjengeleg, og måten me tilber Gud på skal vera forståeleg og relevant. Folk som kjem skal «be loved and nurtured», få kjærleik og næring, men gjestfridomen me tilbyr er svært enkel. Gjestene blir også vertar, ved at dei sjølve bidrar med praktisk arbeid. Når dei hentar smør i kjøleskapet og dekkjer bord, kjenner dei seg heime. Dei går ikkje inn i eit eksisterande
fellesskap, men er med og byggjer eit nytt fellesskap den veka, seier ho.
Dei som vil kan delta i pilegrimsvandringar på øya, tidebønner, gudstenester, sosiale aktiviteter og seminar om alt frå labyrintar til kjønnsspørsmål. Alt handlar om Iona Community sin kjerne: Kombinasjonen av indre fornying gjennom bønn og bibellesing på eine sida og eit sterkt samfunnsengasjement for sosial rettferd, miljøvern og fredsarbeid på den andre.
– Folk kjem hit på leiting etter fred og ro. Me prøver å senda dei heim, leitande etter fred og rettferd, smiler Kyle.

BUDDHA OG JESUS. Mange av gjestene er der saman med grupper frå kyrkjelydar. Hilda Finlay også.
– Men eg er ein svindlar, seier ho lågt og gliser.
Ho er eigentleg ikkje ein del av gjengen. Gruppereisa var ein grei måte å komma hit på, men den 87-årige psykologen identifiserer seg ikkje med den kristne profilen. 
– På veg til kyrkja gjekk eg forbi ein hage med ein buddhafigur i. Det likte eg. Eg kjem til å søkja heile livet, i alle fall det som er igjen av det.
Finley skal definitivt tilbake til det vakre landskapet igjen, men då skal ho ta inn på bed and breakfast.
– Det er øya sjølv som er spiritualiteten.
Ikkje alle lar seg imponera av øya heller.
– Alle seier her er så fantastisk vakkert, seier Liz Norton, skotte med karibiske røter. 
– Men dette er ingenting mot strendene på Jamaica, ler ho rått. Ho kom hit for å finna ro, få tid til litt stille kontemplasjon og ettertanke bak ein sandhaug. 
– Eg trudde ikkje det ville bli så travelt og masete, dette fellesskapsopplegget. Men eg trur eg har møtt Jesus denne veka.

HIGH-SPEED. På kjøkkenet er farten høg like før servering. Ut til matsalen høyrest låtten til kokken Susan Lindsay. Ho «elskar alt» ved å bu og arbeida på MacLeod-senteret – også tempoet. 
– Det kan vera litt av ei utfordring å laga ein meny som kanskje skal fungera for fem ulike diettbehov, frå vegansk til glutenfritt – innan klokka seks. Det blir mykje kreativitet og improvisering. Orda kjem med mitraljøsefart på tjukk glasgow-dialekt før ho spring til komfyren.
– «High-speed English», sukkar austerrikaren Artis. Han er midt i den første veka av sju som friviljug på kjøkkenet og slit med den skotske aksenten. 
Artis drøymer om å byggja opp eit liknande senter sjølv, med alternativ profil. Sjølv om han gjekk ut av kyrkja for førti år sidan, og fellesskapet er uttalt kristent, tykkjer han «det er fantastisk å vera her».
– Viss Iona-fellesskapet hadde vore i livet mitt då, ville eg aldri forlete kyrkja. Eg trur det er fordi kvinner leier denne staden. Eg har lang erfaring med åndeleg utvikling. Tru meg, av alle tilboda der ute, er nitti prosent søppel. Men dette er ein del av dei ti prosenta som verkeleg er verdt det.

Bildetekster:
s 12-13
MARTYRS’ BAY: På desse strendene ønskte 68 munkar vikingane velkomne ein dag i år 806. Alle blei slakta ned.

s 14
ÅNDELEG: Liv Hegle (i forgrunnen) og Sarah Dickinson (med svarte briller) prøver gåande meditasjon i labyrinten. Klosterkyrkja frå mellomalderen er stappfull av tilreisande kvar veke, og øybuarane har Iona-stein i lomma mot drukning.

s 14 FRISE (fire portretter som rekkje på toppen)
PILEGRIMAR: – Om me er her ei veke eller på treårskontrakt, er Iona er ein stopp på vegen vidare – eller heim, seier presten Sharon Kyle (f.v.). Hilda Findlay og Liz Norton er gjester seks
dagar, Artis Jansky er friviljug sju veker.

s 15
VELKOMMEN: – Ein blir fort venner med folk her, seier Susan Lindsay, kokk på MacLeod-senteret (t.v.). Både pilegrimsvandringane til Iona-fellesskapet og båtturane til lundefugløya Staffa er opne for vanlege turistar.

Forslag til sitat s 12-13
« Det er noko heilt spesielt ved Iona

Forslag til sitat s 14-15
« Kvart einaste ord er som ein polert stein
« Viss Iona-fellesskapet hadde vore i livet mitt då, ville eg aldri forlete kyrkja.
«Av alle tilboda der ute, er nitti prosent søppel

Faktaboks s13

Iona
- Lita øy i Dei Indre Hebridane på den skotske vestkysten
- Spelte ei viktig rolle i kristninga av dei britiske øyene 
- Heilage Columba frå Irland grunnla kloster der i 563, og etterkommarane skreiv og illustrerte Book of Kells på 800-talet
- Klostersamfunnet blei nesten utsletta av vikingar
- Var eit viktig nordeuropeisk mål for både levande og døde pilegrimar: 48 skotske, 8 norske og 4 irske kongar er gravlagde på øya
- Har i gjennomsnitt 1600 besøkjande per dag om sommaren, både turistar og pilegrimar

Faktaboks s15

Iona Community
- Grunnlagt av George MacLeod i 1938
- Tverrkyrkjeleg fellesskap med medlemmar i hele verda
- Har gjenreist det benediktinske klosteret på Iona, som opprinneleg blei bygt på 1200-talet og rive under reformasjonen
- Driv tre gjestesenter, to på Iona og eitt på Mull
- Er ei drivkraft for dagens keltiske spiritualitet, ikkje minst gjennom forlaget Wild Goose Publications og John Bell sine salmar
- iona.org.uk

Bli abonnent

Det er gratis - meld deg på her.

Les Tørst vinter 2014-15

Finn alle utgaver

 

 

Bottom