RAY SIMPSON er forfattar, prest og grunnleggjar av Aidan and Hilda-fellesskapet. (Foto: Ann Kristin van Zijp Nilsen)

Om rytme og balansekunst

Rytme er nøkkelen til eit liv i balanse. 

Alle ropar etter rytme. Det er nøkkelen til eit liv i balanse, nøkkelen til å høyra til og til å ha det godt. Rytme er bygd inn i skaparverket og inn i kroppane våre, men samfunnet vårt har mista det.

Me kan ikkje finna tilbake til rytmen i samfunnet, med mindre me gjer to ting.

Konseptet «framgang» aukar stress

For det første må me avsløra kva som er gale med konseptet ’framgang’. Folk flest tenkjer at framgang inneber å skapa stadig fleire produkt som kan tilfredsstilla appetitten vår. Materiell produktivitet tar ikkje høgde for den fysiske, felleskapsorienterte og åndelege naturen vår.

Nå kan den eine, rike prosenten av verdas befolkning mangfaldiggjera produkt og profitt ved å manipulera forbrukarar til å kjøpa, eta, reisa, gjera, nettsurfa stadig meir. Til og med den blendande digitale verda blir «mykje ståhei for ingenting» (Shakespeare). Snart vil denne eine prosenten kunna styra mykje av verda gjennom dingsar.

Meir! Større! Raskare! Dette aukar stress og opplevinga av at tilveret ikkje heng saman. For å unngå smerten dette medfører, blir me hekta på stoff, alkohol, sex, shopping, støy, arbeid, internettet eller kvardagsflukt.

«Rytme 2» av Tom André Haaland

Å vera åndeleg er å vera i ein rytme

For det andre må me utvikla ein «Tilbake til rytmen-plan». Er det muleg å omdirigera ’framgang’? Ja! Bibelkjennarar kallar det sabbats-prinsippet. Økologar kallar det berekraftig utvikling. Eg kallar det Rytme.

I boka Anam Cara skriv John O’Donohue (irsk prest med doktorgrad i filosofisk teologi, red. anm.) at «alt liv kom frå havet, kvar einaste av oss kjem ut frå vatnet i livmora, og flo og fjøre er til stades i floa og fjøra i pusten vår. Når du følgjer rytmen til din eigen natur kan ikkje noko destruktivt røra deg... Å vera åndeleg er å vera i ein rytme.

Byråkrati stel rytmen vår, så eg lagar ein plan for å ikkje bli overbelasta av alle valmoglegheiter, og eg lærer meg enkelheitas kunst. Usikkerheit stel rytmen vår, så eg lærer meg kunsten å akseptera. Den blir fødd i medkjensla. Kvar dag er eg merksam på rytmen i min eigen pust, i kvile og arbeid, i det sosiale engasjementet mitt og i einsemda mi, i kroppen og sinnet mitt, i årstida eg lever i og årstida eg nærmar meg. 

«Rytme 1» av Tom André Haaland

Dei djupaste lengslane i hjarta våre

Desse åndelege disiplinane er nyttige å læra om og praktisera. Men endå viktigare er det at dei får siga heilt ned til dei djupaste lengslane i hjarta våre. Me lengtar etter Kjelda, likt eit siv som er plukka i vannkanten. 

Som sufipoeten Rumi seier:

Sidan eg blei plukka i vannkanten

har eg laga denne lyden av gråt.

Den som er borte frå den han elskar forstår kvar eg seier.

Den som er henta ved ei kjelde lengtar tilbake. 

 

Kjelda lokkar oss og inviterer oss til å bli med i rytmen til den guddommelege dansen.

 

Denne teksten stod først på trykk i magasinet Tørst, vår 2017

Bli abonnent

Det er gratis - meld deg på her.

Les Tørst vinter 2014-15

Finn alle utgaver

 

 

Bottom